Rapport frå fellestreningar 11. og 12. januar

Rapport frå Knut G.:

Laurdag 11. møtte 6 ryttarar på Esso klokka 09.00. 2xEgil hadde
terrengsykkel medan Frode, Johnny, Reidar og Knut hadde racer. Det var surt
og kaldt, men humøret var bra. Me blei 7 etter Sandvikvåg, og ruta blei lagt
om Vestbøstad pga. vinden. 
Søndag var Knut åleine i flott vinterver. Snøen kom etter Sandvikvåg og
gjorde vegen glatt nokre stader. Ikkje vind og nesten ikkje trafikk.