Rapport frå fellestrening helga 18. og 19. januar

Rapport frå Knut G.:

Laurdag kl. 09.00 på Esso. Frode og Knut drog avgarde i frisk vind. Det var
fin medvind nordover. Grant tok igjen teten ved Jektevik, og blei med på
«Frodetime» til Rutle. Frodetimen går med jamn god fart om lag ein time. Det
er bra med turr asfalt i januar!
Søndag same tid same stad. Knut var åleine, men Grant var med frå Vik. Turen
var roleg og det var litt mindre vind enn på laurdag.