Informasjon om bussturen i samband med Haugesund-Sauda 2017

 

Stord Sykleklubb stiller nok ein gong med ein stor tropp i samband med turrittet Haugesund-Sauda laurdag 27. mai. Tradisjonen tru, vert det og i år felles bussreise frå Stord.

 

Påmelding til Haugesund - Sauda kan ein gjere HER

 

Påmelding for plass i bussen gjer ein her HER

 

Her er viktig informasjon til alle som har meldt seg på busstransporten:

 

- Oppmøte vert ved Kiwi-butikken i Studalen.

- Me får litt dårlegare tid enn tidlegare grunna kviletidsregelen for sjåførar, så alle må møta i god tid, seinast kl. 0830.
- Bussen er på plass kl. 0845.

- Avgang så snart som mogeleg etter det.
- Ta med eit teppe, ei papplate,  e.l., for å polstre syklane i lasterommet.

- Ta helst av pedalane på sykkelen på førehand.

 - NB! Dei som kjem frå Bømlo må også møta i Studalen dette året grunna knapp tid!

 

Retur frå Sauda vert etter at sistemann frå gruppa har kome i mål.

 

NB! Hugs lys - framme og bak på sykkelen.

 

Meir om rittet HER

Last ned Sauda SK sin info til rytterene HER

 

Slik det ser ut no, så risikerer me å få litt regn på turen, men me satsar uansett på ein flott tur!

 

H S profil

Løypeprofil Haugesund - Sauda (klikk på bildet for større versjon).