Fellestrening veke 5

Ei fin helg for føremiddagstrening.

 

Laurdag var Jan Istvan, Egil, Frode, Stian, Jostein, Sivert, Kjell Arne, Kjell, Lars Gunnar, Åsmund og Knut rundt øya. Det var så fint at dei fleste forlenga turen, Frode med ein ekstra runde. Åsmund fotograferte oss, og biletet kjem kanskje med i rapporten?

 

Søndag møtte Espen, Freddy, Stian, Jostein og Knut på Esso kl. 9, og feltet var samla til Jektevik. Freddy rykka kraftig ned mot Ferjeleiet, og fekk med seg Stian og Jostein. Stian og Freddy skulle ta to rundar, så dei hadde det travelt. Espen, som er rekonvalesent, og Knut tok det med ro resten av turen.

 

Knut

 

(Foto: Åsmund Hellesøy, laurdag)

 

(Foto: Stian Vik, søndag)