Fleire Stord SK-syklistar har vore på tur til Gran Canaria

Tradisjonen tru, har fleire av Stord sykleklubb sine medlemer vore på treningstur til solfylte Gran Canaria, eller GC som me på «sykkelspråket» kallar øya. Som vanleg, vart det mange timar, kilometer og høgdemeter på sykkelsetet. Dei fleste har vel i dag Strava, og kan her gå inn og sjå detaljar frå dei enkelte turane.

 

Cruz de Tejeda (Foto: Dag Foseid)

 

For dei som har vore på GC nokre gonger, er det enkelte turar som er «obligatoriske». Den eine turen er via Mogan og San Nicolas opp «Dødens Dal» (som dei fleste norske syklistar kallar dalen). Dette er ein såkalla «kongetur», med tøffe stigningar og varierande temperatur frå godt opp på 20-tallet nede i dalen til kanskje under 10 i den vesle byen Artenara 1270 moh. Her har dei fleste ein velfortent stopp på bensinstasjonen/ baren som ein møter i det ein kjem inn til byen. Her får ein kjøpt alt av «påfyll». Det meste kostar 1. Underteikna kan verkeleg anbefale ein «espresso doble» med ein god «dæsj» sukker. Den går «rett i fletta»! J

 

 

Pico de las Nieves 1949 moh (Foto: Dag Foseid)

 

Turen til Pico de las Nieves, eller «toppen» (1949 moh.), er og «obligatorisk». Toppen kan du nå frå alle kantar. Sjølv om målet for turen er det same, så varierer lengde og stigningsprosent på dei enkelte rutene ein del. Saman med 3 andre stordingar, tok underteikna i år turen opp frå byen Ingenio. Ei stigning som vert karakterisert som den lengste (og hardaste) samanhengande stigninga på øya. Denne stigninga var frå før truleg den einaste «uprøvde», og det vert nok med denne eine gongen. Rett og slett for bratt var det, med parti over 21 %. Også på toppen er det sal av forfriskingar og anna påfyll. Ei Cola og ein sjokolade smakar godt etter påkjenninga……. J

 

Santa Lucia (Foto: Dag Foseid)

 

Ein, eller fleire, stopp på bakeriet i Santa Lucia er og relativt obligatorisk når ein er syklist på GC. Her får ein kjøpt fantastisk søte og gode kaker, samt gode bagettar med skinke og ost. Ein god og smakfull «espresso doble» får du også her! Ayacata (ca. 1300 moh.) er nesten ikkje naudsynt å nemna. Dette er på ein måte knutepunktet for dei fleste sykkelrutene på GC, som ein kjem innom uansett. Her finn du og eit par restaurantar, der du får det du treng av påfyll. Ein fin tur på ein «roligare dag», kan vera til Puerto Mogan, med innlagt kaffistopp på brygga i denne koselege hamnebyen. Byen er stinn av feriefolk, men det er alltid eit ledig bord på ein av dei koselege restaurantane ved hamna. Sjølvsagt kunne ein her teke med mykje meir, men det vert for omfattande. Kort fortalt, det er eit utal av sykkelturar ein kan velje. Det er gode vegar over alt på øya, og trafikken er ikkje noko problem, så lenge ein ikkje rotar seg inn på motorvegen (som sjølvsagt er forbode for syklistar).

Årets GC-tur vart vellukka. Været var jamt over veldig bra, sjølv om det var eit par dagar med litt skyer og fuktig luft i høgda.

Gran Canaria kan verkeleg anbefalast som sykkeldestinasjon vinterstid.

Dag F.

 

Juiceman (Foto: Dag Foseid)

 

Puerto Mogan (Foto: Dag Foseid)

 

 

Telde (Foto: Dag Foseid)