Helgesykling veke 6

Det var flotte forhold for sykling i helga. temperatur rundt 0, ikkje vind og tørre vegar.

 

Laurdag sykla Stian, Jostein, Espen, Lars Gunnar og Knut ein roleg tur med tid til prat om viktige og uviktige saker.

 

Søndag var Stian, Jan Istvan, Jostein, Jørgen og Knut rundt øya i roleg, jamn fart. Jørgen var så vidt eg veit, med for første gong, men følgde lett med på terrengsykkel. Det rauk ein girwire, men det hindra ikkje Stian og Jostein i å gå laus på ein ekstra runde i det fine veret.

 

Fellesturane går frå Esso på Leirvik laurdag og søndag kl. 9, og alle som vil sykla rundt Stord på om lag 2 1/2 time kan vera med.

 

Knut

 

Foto: Stian Vik

 

Foto: Stian Vik