Fellessykling 18-19 februar

Laurdag starta med bra ver, men regnet kom då me kom til Sagvåg. Dag, Åsmund, Lennart (til Sandvikvåg), Kjell, Stian, Jostein, Frode og Knut drog frå Esso på Leirvik kl. 9. Rune H. blei med oss frå Sandvikvåg, og Freddy frå Fitjar. 

Det blei ei lapskaustrening, Knut blei avkjørt etter Dalshaugane, og måtte ha hjelp for å ta feltet igjen. Det er ikkje lett å få til ei roleg, jamn trening med så mange ryttarar, men det er fint når me får det til!

 

Søndagen var det eit fint felt rundt øya: Stian, Rolf, Dag, Jostein, Harald E, Jan Istvan, Roger N. (til Fitjar), Egil, Espen og Knut. Farten var jamn, det gjekk 2-3 minutt seinare enn laurdag men med mindre rykking blei det ei fin, roleg trening.

 

Knut

 
(Foto: Stian Vik - laurdag)
 
(Foto: Stian Vik - søndag)