Fellestrening 25 og 26 februar

Laurdag 25/2 blei ein mykje betre dag for sykling enn venta. Det var berre Jostein og Knut som våga seg rundt øya med dystre vermeldingar. Det var opphaldsver stort sett heile turen, med god medvind nordover og mykje motvind heim att frå Sandvikvåg. Det var snø i vegen eit lite stykke ved Børtveit, elles bar asfalt, men me hadde saltebil med oss overalt, så sykkelen var kvit då me kom heim.

 

Søndagen var vermeldinga betre, og oppmøtet var bra; Olav, Espen, Harald E. med hybrid, Jostein, Roger med terrengsykkel, Rune, Håkon og Knut sykla i opphaldsver og jamn, fin fart. Freddy var med til Førlandskrysset, og Egil K. møtte oss etter Fitjar og blei med. Me blei litt forseinka med ei punktering. Jostein, Espen og Egil sette kursen mot Bømlo då me kom til Heiane, men me andre prioriterte VM i Lahti. 

 

Det er kjekt å sjå at ein av dei tre som velta i jula, Espen, er i godt gjenge med trening ute. Me vonar at Tomasz og Harald snart er med oss på runden att, god bedring!

 

Knut