9 rundane veke 10

Laurdag 11 mars

Harald Engevik, Egil Kvarven, Espen Larsen (Finmarkingen), Jostein Hystad, Davide Lamperelli (jomfru-tur med 9 toget, velkomen skal du vere), Kjell Angeltveit, Stian Vik og Remi Andre Sortland var ryttarane ut frå Vikjo denne laurdagen som låg bada i sol og sylskarpe 3 grader.

Utover mot Sandvikvåg gjekk feltet i god fart i medvind. På Sandvikvåg venta Rune Heggland. I bakken opp med Fitjar kyrkje merka Stian at formen ikkje var heilt på topp, og blei liggjande eit stykke bak feltet. Han fekk god hjelp vidare av Harald før dei på tok igjen eit ventande felt på toppen av Dalshaugane, men Stian måtte diverre stå av ved Jokern. Resten av turen inn gjekk i passeleg fart. Fleire tok seg ein runde til.

 (Foto: Remi)

 

Søndag 12mars

 

Freddy, Håkon (til Jektavik), Jørgen Almås, Espen, Jostein og Remi starta ut i eit lågt skydekke denne morgonen. Davide venta på toppen av Fuglavikjo.

 

Remi