9 rundane veke 11

Laurdag 18 mars

Kun dei tøffaste tok runden rundt, og det var berre Alexander Horneland og Espen Larsen som møtte opp på Vikjo klokka 9 denne morgonen.

 

Søndag 19 mars

Freddy Dagsland, Stian Vik, Harald Engevik, Espen Larsen, Roger Bekkenes og Remi A. Sortland startet ut i eit makalaust flott ver, sjølv om tempraturen berre var 2 varme. På Sandvikvåg kom Roger Nesbø syklande og blei med vidare. Roger B. fekk tekniske utfordringar med sykkelen, difor tok ein det noko rolegare sånn at ikkje nokon måtte sykle åleine i motvinden. På Vik fekk feltet eit glimt av Super-Solli, så pass at han fekk jublande gratulasjonar, etter at ryktet skal ha det til at det er meir enn pedalane han har trøkk i. Ved Svartasmoget kom Harald Årvik i mot. Godt å sjå at han er på sykkelen igjen. Og vidare møtte me Rolf Skår som måtte gjere plass til kakefeiring seinare på dagen (Gratulerar Rolf med 39 års dagen, torsdag).

 

Remi A.

 

(Foto: Stian "Ludvik" Vik)