Fellestrening 25. og 26. mars


Remi, Dag, Freddy, Espen, Kjell, Jan Istvan, Jostein, Åsmund og Knut
drog frå Leirvik kl. 9 på laurdag. Stein og Davide blei med frå Fitjar
og Harald Å. på terrengsykkel hekta seg på etter Fitjar. Espen blei med
Stein, og tok ein ekstra runde. Det var vått og surt men ikkje vind.

Me fekk ei punktering ved Jektevik, men likevel gjekk turen fortare enn
normalt. Det blei nok ikkje ein roleg langtur for mange, så me må
skjerpa oss.

 

Søndag deltok Remi, Jostein, Jan Istvan, Hairi, Odd (ny i gruppa),
Freddy, Øyvind, Harald E., Jørgen og Knut på ein rolegare tur med
jamnare tempo enn dagen før. Thomas var litt seint ute (overgang til
sommartid), men nådde oss att etter Sandvikvåg då me fekk ei punktering.
Veret var stilt, litt skodde men opphaldsver og litt sol. Tomasz blei
observert på heimturen, så nå er alle tre som velta i jula på hjula att!


Knut