Referat frå temakvelden

Om lag 25 frammøtte var noko i overkant av kva ein forventa til kvelden, men dog særs positivt.

I møtet kom det fram at eit ønskje om å holde fram eit aktivitetsnivå som no, om mogleg enda større. Men korleis ein skal prioritere framover kom nok ikkje heilt fram. Sjølv opplev eg at god lyd i dei frammøtte i samtalar kring dei lokale ritta (og for eiga rekning vil eg seie vil vere eit stort tap om dei går tapt. Vidare ble 9 rundane og Jostein rundane næmt med positivt forteikn.

Ei orientering om krav om opplæring for private sykkelvakter ble lagt fram for dei frammøtte. Bakgrunnen for dei nye krava kjem frå Stortinget om større likskap kring tryggleik for sykkelritt, då «nokon» har opplevd at det har vore ulike krav i dei ulike politidistrikta før 2016. Samt at trafikkregulering er eit stort ansvar med store konsekvensar om det går galt. Dette har ført fram til nye (urimelege) krav. Konsekvensar for Stord SK kan vere færre ritt eller at ein må utdanne vaktar (tid og økonomi). Fleire tilhøyrar tok til orde for at ein ønskje å oppretthalde likt tal på ritt som i dag, og difor må me som klubb løyse den ekstra byrden det vil vere med å møte krava frå vegmynde om opplæring av vaktar.

Det kom fram eit ønskje at klubben kan ha nokre «fokusritt». Det ble etterspurt om klubben gjennom sine kanalar kunne spreie informasjon og å legge til rette kring ritta. Tilboda til eit eller fleire av desse ritta bør ha fokus på gode opplevingar og auka samhald.

I løpet av møte kom det opp fleire idear/meiningar til auke/god trivsel i klubben, t.d. fellesmiddag etter Haugesund-Sauda og at Alma sine kaker held fram på Spar Cup.

Det er satt ned ei gruppe som arbeidar med Stord Rundt 2017. Desse har hatt eit møte, og er i gang med å levere inn rittsøknad. Ein vil holde kontakt med utbyggarane av veg på Vik og i Snikkersvingen om korleis dette vegarbeidet påverkar rittet. Vidare treng ein fleire folk for å avvikle rittet. Vaktar og dugnadsgjeng. Ta kontakt med Istvan.

Styrkeprøve-gjengen tel no åtte Stord SK ryttarar. I løpet av helga vil ein inngå ein intensjonsavtale med ei gruppe på 7-8 ryttarar med hovudvekt frå Karmøy. Støtteapparat er på plass. Det er fortsatt ope for fleire eigne ryttarar kan vere med.

Nettsida stordsk.no ble diskutert. Skal den speile klubben treng ein fleire som tek ansvar med å skrive på sida. Ansvaret i dag ligg tungt på leiar, som oppmodar fleire om bidrag. Turar, ritt, samlingar, gode opplevingar, stor og smått relatert til Stord SK.

Vaktlista gjekk rundt og fleire vaktar kom på plass i løpet av kvelden.

Tysdag neste veke startar det første lokale rittet, Nokas Cup. Nytt av året er ein leiarvest. Utrekninga for vesten vil vere klart i særs kort tid før rittet. Det skal ikkje vere tvil om at den som vinner første rittet vil bære trøya på ritt nummer to.

Sjølv opplevde eg ei sånn samling før sesongen som samlande for klubben, og at praten som kom fram før, i og etter møtet gir eit godt bilete for kven Stord SK er. Som leiar er eg stolt av å kunne samle mosjonistar med fokus på helsefremming til syklistar som deltek på eit høgt nasjonalt nivå, og ønskje alle medlemmer av klubben lykke til med sesongen som kjem.

 

Remi