Nokas cup #1 - sesongstart i Stord SK

 

«Eit minutt igjen til start. Eg vil gjere Dykk merksemd om noko meir grus etter bakken opp Vik enn vanleg. 30 sekundar».

Ein einsam bil passerar på RV545 etterfølgt av nokre stille sekundar.

«3,2,1. Start!».

Klikket frå at sykkelsko vert festa til pedalar. Vårvêret og 35 syklistar klare. Sesongen er no gang.

 

Rittet utvikla seg som vanleg med færre og færre ryttarar igjen i feltet for kvar bakke som vart forsert. Etter bakkane opp Vik satt det igjen ei gruppe på 13 mann, med ein einsam ryttar og ei gruppe på fire jagande bak. Tetfeltet gjekk så i rykk og napp for å mørne ryttarar før innspurten opp siste bakke. I innspurten var det ei mindre gruppe som skulle gjere opp om sigeren.

 

I målområdet hadde Liv Valen overraska med kakebakst og kaffi. Noko syklistar sett stor pris på.

Resultata frå EQTiming finn du HER:

(Foto: Grzegorz Danowski)

(Foto: Joanna Hejduk)

(Foto: Joanna Hejduk)

 

Avslutningsvis kan ein nemne at Stein H. Simonsen (Stord SK) vann førre Arne Kalland-Olsen (Bokn SK) og Vidar Steinsbø (Bømlo SK).