Boknasprinten 2017 med 2 plass til Jonas Engevik Vørøs

 

Jonas Engevik Vørøs gjorde det sterkt under årets Boknasprint med 2 plass i sin klasse. I klassen 15-16 år var konkurransen knallhard og det lovar godt for den kondisjonsterke 16 åringen.

 

(Foto: Bokn SK)

 

I turklassen var det 75 startende denne søndagen, med John T. Almås (8), Thomas Solberg (9), Torgeir Bruket (23) og Jan Istvan Vørøs (44) frå Stord SK.

 

John fortel at det var eit flott og enkelt ritt å vere med på. Verèt var ein heldig med, då det var lite vind og gløtt av solskinn. Han og Thomas hadde merka kjøret etter 2-3 km, då dei sterkaste drog til i ein bakke. Dei to hadde deretter sykla i lag. John lot seg imoponera over Jonas, og kan vidare oppmoda fleire Stord SK ryttarar stille til start neste år.

 

Alle resultata finn du HER