Nokas Cup #3

Vidar Steinsbø gjekk i eit brudd før Øvrebygdo skule og det holdt inn. Ein sterk prestasjon, tross at feltet bak ikkje fekk organisert seg for å henta han inn.

 

Reslutat finn ein HER 

 

Flotte forhold og 30 syklistar til start, la ei flott ramme før start. Denne gangen hadde me høgt fokus på tryggleik i å avvikla rittet. Ekstra vaktar og masterbil var sette inn, for å forsterke tryggleiken på vegen.

 

(Foto: Joanna Hejduk)

 

Like etter start gjekk det ein velt. Ein punktering gjorde til at tre syklistar køyrde inn i kvarandre. Etter sigende var det ikkje alvorlege personskadar, men skrubbsår og noko skadar på ein av syklane. Dei invorverte var raskt på beina og fekk varsla om velten. Vaktmannskapet var kort tid etter på plass og fekk sett etter at det ikkje var trong for meir enn enkel førstehjelp.

 

I ettertid kan ein i klubben ha nokon tankar kring kva ein som syklist gjer i situasjonar med velt i feltet og uoversiktlege skadestader. Stord SK vil ha medvitne syklistar, og vil på ein av dei næraste ritta oppdatere syklistar og vaktmannskap på kva ansvar me har for kvarandre. Det vil da vere ein gjennomgang av enkel førstehjelp, med hjertestartar og sårstell.

 

Vidare vil Styret i Stord SK evaluera alle våre lokale ritt. Innan sykling vil det alltid vere ein kalkulert form for risiko,men det er alltid eit potensiale til forbetring. Det vere seg tryggleiken, val av trasè, tidspunkt og sosial ramme kring ritta. Me oppmodar alle medlemmar til å kome med konstruktive innspel inn i evalueringa som vil løfte dei lokale ritta og klubben til eit enda høgare nivå enn kva ein har i dag. Innspel kan rettast til styret via e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.