9 rundane i påskehelga

Laurdag 15 april var Freddy, Åsmund, John Henry og Remi rundt øya. Det var meldt særs dårleg ver, men yr.no hadde ikkje heilt kontroll på meldingane, betre enn venta. Om det var vermeldinga eller påske-syssler som holdt folk heime er uklart.

 

Søndag 16 april på sjølvaste påskedag møtte Espen og Remi på Essoen klokka 9. I Grisarompa kom Knut kravlande ut frå busk og kratt (noko overdriven framstilling). Ein gong etter Jektevik tok Helge igjen følget, og rundt Engevik kom Harald i møte. Det var god stemning, og preiken gjekk lett om laust og fast. Påskebodskape var oppe som tema, utan at det førte til nemneverdig djuptgåande diskusjonar.

 

REF

Remi