Sterke perstajonar under helgas Øygarden Tempo

I klassen K Junior tok Victoria Hafsmo Valen 2 plass, for dei andre Stord SK syklistane hadde Stein Simonsen ei særs sterk tid.

Han vann sin klasse og hadde den nest beste tida blant Master-syklistane. Frode Valen vann sin klasse, med Dag Foseid som nummer to (her er det meldt om at det har vore noko trøbbel med tidtakinga). Samt at Knut Gramstad var suveren i sin klasse. Reidar Risnes fekk på resultatlista status som ikkje startande, og ein må eventuelt komme tilbake til korrekt opplysningar om han seinare.

Det var meldt om særs gode forhold. Sjølv om veret var skiftande denne laurdagen, hadde dei fleste pent vêr under oppvarming, sjølve rittet og ned-køyringa. Ein god trekk frå nord tillèt stor fart. Den 20,5 km løypa var unnagjort på rett i overkant av 25 minuttar.

Resultata finn ein HER