53 dagar til Styrkeprøven

Frå Stord SK er det ei gruppe på ni, to frå Austevoll (snart Stord SK medlem) og sju frå andre stadar i landet. Totalt 18 er no påmeldt for å sykle frå Trondheim til Oslo den 17 juni i gruppa estimert for 18 timar. Med seg på opplegget skal ein ha to følgjebilar, ein hovudsakleg for mat og støttefunksjonar og ein til mekanikarane.

 

 

No er det meste av praktisk tilrettelegging gjort, som booking av hotell og flyreis. Berre midre oppgåve og gjeremål står att før en er heilt klar til den store dagen.

 

Neste på agendaen for gruppa er å få til meir trening på samkøyring, og allereie 1 mai er sett av for fleire til fellestrening. Fram mot generalprøven Haugesund - Sauda håpar ein på mange fine dagar og fleire turar i lag for å læra kvarandre å kjenne. Planen for Haugesund - Sauda er å nytta rittet for å trene på samkøyring og praktisk gjennomføring av ulike oppgåve, som blant anna matstopp.

 

Fleire har trena godt gjennom vintaren og den kalde våren, men for fleire er dette første gong og det knytt seg spenning til om ein er godt nok rusta for turen. Gruppa siktar mot 18 timar, men målsetning er flest mogleg, lengst mogleg, raskast mogleg. No er det å sleppe ned skuldrane og satsa alt på at ein er så klar ein kan vere. Fredag er ein inne i dei siste 50 dagane igjen. Då blir deadline satt for eventuelle etternølarar, og namnelister til hotell og flyselskap skal sendast inn.

 

Namna på Styrkeprøvegruppa er: Jan Istvan Vørøs, Åsmund Hellesøy, Kjell Angeltveit, Harald Engevik, Thomas Solberg, Espen Larsen, Jostein Hystad, Bjørn Lambrechts og Remi A. Sortland frå Stord SK.

Mikael Drivenes og Alf Magnar Dale (Austevoll, snart Stord SK). Irving Haldorsen, Gøran Strand Balsvik, Haldor Strand, Pål Markus Berg, Stig Tommy Jenssen, Markus Lindaas og Trond Stian Jenssen.

 

Støtte og mekanikarar: Jostein Almås, Knut Røssberg, Kjetil Almås (?), Harld Tillung (?), Harald sin svoger nummer 2 (?).