Spar Cup #2

Sjølv om ein skriv slutten av april, er ikkje våren heilt her enno. I kald nordavind og solskinn sto heile 38 syklistar klare på start i Rutle. I start sto Alma klar med kaker og kaffi, på ein for kvelden noko provisorisk innretning som fungerte fint som bord. Ekstra mannskap hadde ein på vaktsida, med to små vordne syklistar som inngåande studerte start- og målområdet.

 

Sterkast i tempoklassen var Ørjan Vika frå Fana IL, som Egil Kvarven har hatt i lære på Verfte. Rykter vil ha det til at Egil tar på seg all skyld for at Ørjan ein gong satte seg på sykkelen. På dei neste plassane kom Stein Simonsen og Reidar Risnes (begge Stord SK). Tempo for kvinner var Elin Steinsbø Fylkesnes raskast. Klassen for racer var Erik Bomann eit hav av tid førre nestemann.

 

Frå tilreisande fekk ein tilbakemeldingar på at ein var noko misunneleg på dei lokale ritta til Stord SK. Gode gjennomkøyringar og verdifull trening, men ikkje minst den gode stemningen på start og i mål. Her trur eg kake og kaffi har ein stor innverknad, og/eller kanskje berre at me er ein sabla kjekk gjeng.

 

Vaktar og Alma skal ha mi største takk!

 

 

(Foto: Gzregorz Danowski)