Nokas Cup #4

Eit strålande solskinn og flotte forhold gav 24 ryttarar eit godt utgangspunkt for ein flott Storavatnet runde. Før start blei ordførar Harry Herstad minna med eit minutt stillhet. 

 

Starten gjekk i rykk og napp før Kjell-Ove fekk gå ved Svartasmoget, og frå rapportar i løypa var han åleine i god stund før han vert innkjørt. Frå utskremt rapporter og vaktmann ved Øvrebygdo skule kom følgjande rapport:

- Ein Bømling ligg føre, så kjem ei gruppe ymse ryttere. Stein og Dag ikkje blant dei. Der kjem Dag, det er gått opptil fleire minuttar. Eg prøve skal spørre om han har det bra.

Skrapelydar i telefonen, og intens gauling.

- Jo, det ser ut til at han har det greitt, han gav tommel opp. 

 

Dei siste kilometerane til Rutle var eit lureløp før Gunnleiv gjekk for ein langspurt. I dag var Bømlatoget med Gunnleiv som lokførar først i mål, med seg hadde han Torleif, og så Kjell-Ove. Kjersti var beste kvinne. Då var begge leiartrøyene på Bømlo, og me på Stord må spørre oss for kva som skal til. Kanskje teiknestiftar på Bømlabrua?

 

Mest imponerande var likevel Grete Vik med personleg rekord. Ho har hatt ei god oppkjøring utanskjærs og jaggu gav det resultater.

 

Ei stor takk til Liv Valen for fantasktisk kake og kaffi. Egil Kvarven sin dom over kakene er 12, sekser på kvar kake. Takkar og vaktane for at rittet kunne gjennomførast.

 

Bilete av bærar av leiartrøya før og etter rittet.