Fellestrening veke 18

Laurdag 6. mai var den finaste dagen me har hatt i år, sol og ikkje vind. Mange var med, Freddy, Espen (frå Rydland) Hairi, Lars Gunnar, Egil K., Kjetil E., Grant, Stian, Jostein A., Kjetil A., Nils, Lennart, Remi, Kjell og Knut. Det gjekk jamt og roleg fram til Rydland, då blei det meir køyr i små og større bakkar. Fleire forlenga turen i det fine veret.

 

Søndag var Espen, Nils, Hallgeir, Tomasz, Andreij, Egil K., Roger, Hairi, Rolf, Jørgen og Knut rundt øya. Me hadde ein velt rett før Sandvikvåg med eitt øydelagt og eitt skeivt framhjul. Det blei også skrubbsår, og me vonar det er bra med pasienten. Det var nok eit hendeleg uhell, men det er ikkje feil å trena på å sykla i felt. Også søndag tok fleire ein ekstratur på Bømlo. Dagen var ikkje like fin som på laurdag, men då me kom til Sagvåg kom sola fram frå skodda.

 

Knut

 

(Foto: Stian Vik)

(Foto: Stian Vik)