9 runden 13 og 14 mai

Mai er ei fin tid for sykling. I helga var det litt regn, men ganske mildt og stilt.

 

Laurdagen blei betre enn venta, og Åsmund, Kjell, Espen, 2x Egil, 2xHarald, Remi, Kjell Arne, Kjell, John og Knut fekk god trening. Feltet delte seg like etter Jektevik, og ryktene talar om stor fart i teten, med rykking, ekstratur til ferjekaien på Sandvikvåg, og nye delingar av feltet. Baktroppen hadde ein roleg og fin tur.

 

Søndag var Espen, Harald E., Egil K., Per Magne, Jostein, Tomasz, Roald, Kjell Inge, Jonas og Knut rundt øya. Det blei også i dag deling av feltet, nå mellom Fitjar og Rydland.

 

Deling i ulike grupper gjer at både dei som vil ha ein roleg tur, og dei som vil ha større fart, får det dei ønskjer. Me held likevel fast med at desse turane skal vera rolege treningar på 2 ½ time + - 10 minutt.

 

Knut