Sør Karmøy Rundt

Søndag 14 mai var fire Stord SK ryttarar sørover for å sykle Sør Karmøy Rundt. Klokka 13.00 gjekk starten og i same sekund kom sola nesten gjennom skylaget i Åkrahamn. Noko vind er normalt på Karmøy, i dag var ikkje utan unntak.

 

Rittet gjekk i rykk og napp til Skudesnes, med tre av fire i frontfeltet. Krappe svingar lagde noko strekk i feltet og det var berre Dag som holdt seg i frontfeltet ved halvgått ritt. Sjølv køyrde eg i gruppe med to andre ryttarar. Bak kom Istvan saman med Kjersti og Alf Kvarme frå Bømlo SK.

 

Spurten i front var rotete og amper. Dag var ikkje nøgd etter målgang. Eg kom drøye 5 minuttar bak, og eit minutt etter meg kom Istavan. Frode køyrde sterkt og var deretter tre minuttar bak.

 

Stord SK må gratulera Kjersti Kvarme med sigeren i kvinneklassen!

 

Resultat frå Sør Karmøyr Rundt finn du HER