Rapport frå borgar-runden

Like etter 15.30 stod dei to syklistaneTristan og Remi klare til start under årets Borgartog. I første sving hadde Harald, Johnemann og vetle Jostein fått lov til å ta ein flying-start og henta hovudfeltet raskt. I nedkøyringa langs Amfi-senteret kom Per Christian frå ingensteds og blanda seg fint med resten av den sterke Stord SK gruppa.

  

I dag blei det køyrt sterkt av vetle Jostein, spesielt i Borggata, der han tok KOM'en frå Dag, som hadde hatt hemmelege bakkeintervaller der nokon dagar før. Han fekk forøvrig med seg superfarten til vetle Jostein som glisa hånleg då Dag blei passert midt i bakken.

 

På toppen av Borggata høyrte me taktfaste heiarop og Sauda-dialekt om jamn fart over bakketoppen. Det var ikkje det einaste ei høyrde frå publikum. Best var ein kommentaren om at dette er dei pappa hate. Som visar at mange er misunnelege på syklister, som tross alt får lov å nytte kondomdrakt sjølv om det er dagslys.

 

Neste år vil ein ha ei ledertrøye for den som ete meir enn fire is og to store stykker marsipankake, og allikevel er først oppe i museumsparken. Då tenkje eg langt fleire syklister slenge seg på Borgartoget (Bømlatoget kan berre gå å legge seg, her stille Stord SK i ein klasse for seg)

 

God grunnlovsdag, medborgarar!