Nordhordland Rundt og RM

 

I helga var fleire Stord SK syklstar delteke i ulike ritt i samband med Nordhordland RM og turrittet Nordhordland Rundt. Laurdagen var det RM Tempo, der Erik Bosman tok ein særs god 2. plass, berre 3 sekundar bak vinnaren. Og ein nemner i fleng Knut (1. pl. M65-69), Dag (1.pl. M-50-54), Frode (2.pl. M-50-54), Torleif (1.pl. M-35-39) og Freddy (1.pl. M-30-34). Søndag var det fellestart med Dag, Torleif og Gunnleiv til start.

 

Resultat RM Tempo finn du HER

Resultat RM Fellesstart finn du HER

 

I samband med RM vart Norhordland Rundt arrangert. Her var og fleire Stord SK syklistar. Åsmund Hellesøy har følgande rapport frå sin deltaking:

 

Fin oppleving på Nordhordland Rundt 90km fellesstart. Sat i tetgruppa. Då det drog seg til mot finale eit par km før mål, var ein ryttar uheldig og bom-gira i ein bakke. Han blei ståande på tvers og store delar av feltet måtte stoppa heilt opp. Vi måtte av syklane for å gira ned på vesle-skiva, for å koma i gang igjen i bakken. Enda 53sek bak i mål. Kjempegodt nøgd.

 

Grete Sunde Vik, Gisle Vik, Solfrid Furre og underteikna satsa på ei god tid og ei enda bedtre oppleving. Vel tre timar rundt, med innlagt henholdsvis to punkteringar gjorde til at ein fekk ei innholdsrik oppleving. Grete vant laks og t-skjorte for jamn og god sykling.