Spar Cup #5

11.37: "Kan nokon henta tilhengaren til Spar Cup i dag?"

13.11: "Klart det! Kor står den?"

13.12: "Podlen. Supert takk takk".

16.45: Klede på. Snart på vei mot Sagvågen. Bilen på verkstad og då må ein på sykkelen for å kome fram.

17.15: Tilhengeren vert trilla ut foran Podlen.

17.29: Alma kjem med kaker og kaffi. Noko har kome opp og ho må vidare.

17.30: Tilhengeren på plass på Rutle. Vaktane er alt kome.

17.37: Teltet oppe, brikkene står klar på eit bord, kaker og kaffi på eit anna bord.

17.41: Tidtakarutstyret vert påkopla. Får ikkje til å generere klokka.

17.57: Vendevaktane køyrar ut til Jokeren.

17.59: Klokka fortsatt ikkje generert.

17.59.59: Ein gir f* og tenkje at det får gå så det går.

18.00: Første ryttar avgårde.

18.01: Andre ryttar avgårde.

...

18.12-18.24: Frebrilsk trykking og ordning med tidtakerutstyret. Ein skrur av og på igjen tidtakarutstyret.

18.25: Ein gir nok ein gang opp å få klokka generert. EQTiming er på.

18.26: Første ryttar kjem i mål.

18.31: Kjell-Ove Sele kjem i mål. Beste racer.

18.32: Kake og kaffi

18.41: Alexander kjem i mål til no dagens beste tid. Blir til slutt nummer to med tida 24.17.06

18.45: Gunnleiv kjem i mål til beste tid, 24.08.35. Dagens vinnar. Gratulera!

18.49: Elin kjem i mål. Dagens beste kvinne.

18.50: Gøran justerar tida, sånn at alle får den tida dei rettmessig skal ha. Det er godt å ha sånne datafolk.

18.55: Ryddar kaker og kaffi, bord og utstyr i tilhengeren.

18.59: "Tusen takk, det var kjekt med ritt i dag. Og så godt med kake og kaffi"

19.02: Tilhengeren går mot Sagvågen.

19.10: Tilhengeren blir trillet inn i garasjen.

19.34: Hansa Pilsner på ein vanleg tysdag.

 

Hadde ikkje sjølv dagen i dag, men at det er kjekt med sykkelritt skal ingen kome frå. Takkar Hildegunn, Benny, Alma, Åsmund, Gøran, og Egil K (Super EQ) for at det etter sigande gjekk så godt så det gjekk. Og til slutt en super-takk til Nils Arne som stiller opp på kort varsel.

 

Reslutata frå dagens ritt kan du sjå HER