9 rundane i veke 24

Laurdag 10/6 var Jostein, Espen, Kjell og Remi på tur rundt øya frå Esso kl. 9. Eg tar atterhald om feil her. Alexander blei med undervegs på terrengsykkel. Nokre av oss ladar opp til Trondheim-Oslo, og andre sykla Bergen-Voss denne dagen.

 

Søndag sykla Espen, Jostein, Tomasz og Knut frå Esso og rundt. Me møtte Harald Å, som blei med vidare. Det blei mykje prat om Trondheim-Oslo, det er ikkje tvil om at Stord-ryttarane er godt førebudde. Ein må planleggja formtopp, mat og drikke undervegs, og taktiske disposisjonar før, under og etter rittet. God tur!

 

Knut

 

På turen T-O har me Jostein Almås og Intersport AS på Heiane på laget. Gode støttespillere, og ei stor takk for at me får låne Jostein desse dagane.