Rittrapport Spar Cup #2

Den nye rekorden for tempoløypa lyder no på 22.10 etter at Bjørnar Vevatne Øverland frå Köbanya Cycling Team tok ein imponerande siger. Bror Eirik Vevatne Øverland KCT og Ørjan Vika Fana IL tok dei neste plassane i tempoklassen. På racer var Morten Storesund CKH sterkast, førre Kjell-Ove Sele Bømlo SK og Sven-Kato Ege CKH. Kjersti Kvarme Bømlo SK var beste kvinne. 

 

Bjørnar V. Øverland frå Fana Øverland er ikkje kven som helst. Gull i NM i lagtempo og bronse på fellestart i 2017. Saman med sin yngre bror er dei no i ungarnske kontinentallaget Köbanya Cycling Team. 

 

37 startande, strålande vèr, kaffi og kake og berre smil og god lått var resultatet av ein kjekke kveld. Som rittleiar er ein imponert over dei frivilljuge som tar i eit ekstra tak for at arrangementet skal vere godt, tygt og vellukka. I dag var alt på plass. Så ein stor takk til Harald, Gøran, Benny og Gisle, kakebaker Liv og juniorsjefane Fabian og Tristan. 

 

Reslutata finn ein HER

 

Stemninga er god då det er kaffi og kaka (Foto: Remi A. Sortland)

 

(Foto: Remi A. Sortland)

 

Tommel opp, det skal er kjekt på sykkelritt på Stord (Foto: Remi A. Sortland)

 

Utan tvil er kaken til Liv god (Foto: Remi A. Sortland)

 

Den harde kjerne frå Bømlo (Foto: Remi A. Sortland)

 

Unik forbrødring (Foto: Remi A. Sortland)