Angåande busstur Haugesund - Sauda

Tradisjonen tru sette Stord SK opp buss i samband med Haugesund - Sauda. 28 påmeldte av 30 plassar, så me vert ein god gjeng. Nokre små (STORE) endringar frå førre år.

 

Me startar frå parkeringsplassen på Wärtsilä Heiane pga parkeringstilhøve og at me ikkje er til ulempe for handlande gjester i Studalen. 

 

I år har me syklande med start klokka 10.00 på bussen. Så bussen går klokka seinast 08.30. 

 

Hugs å ta med noko papp eller teppe til at stuing av syklar går greitt.

 

Meldingane går på sol og mange gode varmegradar. Så Stord SK oppmodar alle (då særskild bømlingar) om å smøra seg godt.