Sykling i pinsen i 2018

Pinsti-helga blei brukt til langtur for mange av oss. Flott, varmt ver og fleire viktige sykkelritt framover gjorde at oppmøtet på fellesturane i helga var bra. Begge dagane gjekk praten livleg i feltet, og mange tok ekstrarundar, Egil på tilsaman 30 mil om laurdagen!

 

Geir Inge, John Henry, Egil, Espen, Ronald, Remi, Roald, Ole Chr., Harald Å., Sindre, Mikal og Knut sykla rundt øya i det fine veret på laurdag 19.. Det gjekk fort. Det var likevel jamn fart, og det blei difor ikkje stressande.

 

Søndag var Egil, Alexander K., John Henry, Roald, Jostein & Jostein, Espen, Terje, Freddy, Remi og Knut hadde ein rolegare tur frå Esso kl. 9. Grant møtte oss ved Rydlandsaga og blei med.

 

Knut