Sykling helg 21 i 2018

Laurdag var det Haugesund - Sauda i flott ver og med mange stordabuar på startstreken. Eit flott opplegg med buss til og frå, og kjempestemning langs løypa og i Sauda. Du finn det meste på turritt.com, og for å finna stordabuane trykker du på "klubb" og går nedover lista.

 

Søndag blei det ein roleg (men likevel ganske rask) tur der det blei lagtinn ei punktering halvvegs. Per Magne, Bjarte, Espen, 2 x Jostein, Kjell Arne, Andrej, Nikola, Remi, Tomasz, Idar, Åsmund og Knut tok turen. Flott ver og god stemning. 

 

Knut