Sykling helg 24 i 2018

Jonsokafta er like rundt hjørnet, og det er viktig å vera i form til bålfesten.

 

Eg reknar med at det blir turar kvar laurdag og søndag i sommar frå Esso kl. 9, og treninga er open for alle som kan vera med rundt Stord på ca. 2 1/2 time. 

 

Laurdag 16. var ein fin dag for Ole Chr., Kristian, Egil, Espen, Roald, Alexander K. Harald og Knut. Me møtte på Esso og sykla rundt øya i lag. 

 

Søndag 17. var Ole Chr., Kristian, Egil, Espen, Roald, Alexander K. og Knut ute på tur i det fine veret. Det gjekk i grei fart utan dramatiske situasjonar. Espen og me andre var imponerte over Åsmund, Mikal og Remi som fullførte Trondheim - Oslo på ein flott måte saman med Team Haugaland på laurdagen.

 

Knut