Rapport Jotunheimen Rundt 2018

I målområdet står ein stolt, sliten, smilande og noko tankefull syklist frå Stord SK igjen med eit krus. På kruset står det: Jotunheimen Rundt 10 ganger. Eigaren av kruset er Egil Kvarven. 

 

 

Fram til 2005 hadde han 9 fullførte ritt og målet har heile tida vore 10 gjennomføringar. Men, det var langt frå sikkert at det skulle bli ein realitet. Etter ein stygg velt og etterfølgande utfordringar med helsa, var ikkje den tiande starten sjølvsagt. 

 

Denne gongen var han heller ikkje åleine på start. Med seg på dei 430 km over tre fjellovergangar hadda han to hjelperyttarar i Mikal Drivenes og Remi A. Sortland. I ein gedigen bobil (ein konge verdig) la dei ut på reis torsdag til Lærdal. Turen og påfølgjande overnatting var av den hyggelege sorten, og dei tre var vel forlikte og på den andre dagen på ferda.

 

Starten gjekk fredag klokka 21.10 i gruppe 1 frå Lærdal, opp mot og over Filefjell. Farten var god i feltet, og oppover skalla feltet av stadig fleire ryttarar ettersom kilometerane tikka avgårde. Også følgje på tre måtte gjeve tapt for høg puls før ein stupa nedover og vidare mot Fagernes. På Fagernes var ein 13 minuttar bak teten, og gradestokken var bikka nær null. No bar ferda vidare opp mot Beitostølen på 183 km og opp på Valdresflyet der ein var på nest høgste punkt på 1388 moh i løpet av rittet. Gradestokken visa -4 grader og ein hadde ikkje meir klede enn høgst naudsynt. Snittfarten på dei første omlag 200 km var 30,4 km/t. Stemninga på toppen var sånn passeleg god, tross alt, får ein seie.

 

Ned frå Valdresflyet beit kulden frå seg, og effektive kuldegrader åt opp kreftene og humøret. Noko som normalt ville auka snittfarten blei alt anna enn normalt. 60 km gjekk på omlag to og ein halv time, og det var berre i nedkjøring og nokre flate parti. Egil var usikker på om me hadde missa Randsverk, på klokka skulle me vore der på ein og ein halv. Me måtte stoppe, men Egil fekk ikkje løyst seg ut av pedalane på grunn av for store skjevingar, så han forsatte. Me to andre hjelperyttarar fekk late vatnet, fra eit hull nedanfor magen. Noko anna var ikkje å finne i sykkelbuksa på grunn av kulda.

 

På sykkelen igjen, og rundt neste sving lå Randsverk. 65 mann brøt der. Det var fortsatt kuldegrader. Og i ein gang til nokre toaletter var nokre samla for å få igjen varmen. Om eg seie at eg ikkje har sett liknande syn så er det sanninga. Folk satt apatiske i komastilling, nokre hadde fått seg ein kopp varmt som dei ikkje fekk i seg på grunn av skjelvinga og attar andre såg tomt ut i lufta. Å få i seg næring var ei problem, men å ta til seg noko søtt gjorde til at kvalmen slo inn. Ei dame kom inn og for så snart ho kunne på toalettet Med eit mannsdominert publikum lot ho det stå til. Utan å rekke å late att døra såg me eit skue som me eigentleg ikkje ønskja å vere vitne til. Men, ein hadde ikkje ork til å smelle igjen døra.

 

Etter 45 minuttar var det så pass varme i kroppane at me bestemte oss for å fortsette. Ned til Lom gjekk temperaturen opp og humøret og kroppene kom meir til seg sjølv igjen. Tidsmålet var no ei saga blått, og me stoppa i Lom nok ein gong i omlag 45 minuttar. Betasuppa og kaffi, var storvegs næring for svoltne kroppar. Og så var motivasjonen på topp igjen. 

 

Opp Sognefjellet 1440 moh, var ei god økt, med jamn passeleg fart. Me stoppa på Sognefjellshytta for vaffelkake med syltetøy og rømme. Ned Sognefjellet var tida nøytralisert så me tok det pent og pynteleg. No var det gjort. Vidare innover mot Luster og over siste kneika til Hafslo, før det var ned mot Sogndal etter sytten og ein kvarter etter at me starta i Lærdal. Målet var nådd, gjennomføring av Jotunheimen Rundt for tiande gong eller første gong var eit faktum. Effektiv sykkeltid var 15:40, og ein då seie at målsetninga på 16 timar var ein og innanfor.

 

Turen sett under ett: Eit STORT minne for resten av livet i lag med ein ENDA STØRRE mann, Egil K!

 

REF: Remi A. Sortland