Master NM 2018

Sist helg vart Master NM landeveg arrangert. Dette er årets høgdepunkt for dei mest aktive mastersyklistane i Norge.

Det vart arrangert 22 km temporitt laurdag og 120 km fellesstart sundag.

Båe ritta vart arrangert under flotte tilhøve på Løken i Aurskog-Høland kommune i Akershus.
Torshov SK stod for arrangementet, som i år hadde deltakarrekord.
Stord SK stilde med ein god gjeng til start i forskjellige aldersklassar, og det vart totalt 4 medaljar til klubben: Stein Helge Simonsen tok bronse i klasse M40-44 under temporittet, Grant Carruthers tok sølv under fellesstarten i klasse M40-44 og Dag Foseid tok gull både under temporitt og fellesstart i klasse M55-59.


Resultata frå temporittet finn du her: http://live.eqtiming.com/38833
Resultata frå fellesstarten finn du her: http://live.eqtiming.com/38834

 

MasterNM2018 Pallen Fellesstart M55
Frå premieutdelinga etter fellesstarten klasse M55-59: Dag Foseid tok gull etter spurtoppgjer, føre Kristian Evensen (BOC) og Øyvind Berg (Foreningen Frikransen)..

 

Frå Bladet Sunnhordland fredag 06.07.18:

MasterNM2018 Sunnhordland 060718
Frå Bladet Sunnhordland fredag 06.07.18.