Barneaktivitetar under Stord Rundt 2018

I samband med Stord Rundt vert det aktivitetar for barn og ungdom.

 

Frå klokka 10.00:

Sykkel-leik for dei yngste, 0-10 år. Det vert ulike utfordringar og løype, leik og sykkel-moro.

Tursykling for dei eldre 10 år og oppover. Turen går rundt Ådlandsvatnet og er ei løype på om lag 7,5 km. Her er det høve for foreldre, besteforeldre og andre å vere med.

Aktivitetane kostar ingenting, og det er saft og banan til deltakarar.

Hugs påbod om hjelm for ALLE!

Me ønskje alle øybuarar og utanbys-farande velkomne!