Rittrapport Stord Rundt 2018

I år var det knytta stor uro til påmelding og vèr. Og utover veka betra meldingane om begge delar.

 

Sjølve rittet starta 09.50, med masterbil ned til Kyvik før ryttarane blei slept opp Fuglavikjo. Som vanleg drog feltet til i stor fart oppover mot E39 og vidare mot Sandvikvåg. I lysreguleringa på Grov var feltet delt i ei hovudgruppe og fleire smågruppe som sleit med å henge på. Like ved Uføretunnellen stoppa det nesten opp og feltet vart samla. Derifrå og mot Fitjar sentrum var det nokre sporadiske rykk. I kyrkjebakken i Fitjar gjekk det hardt til igjen og hovudfeltet skalla av. To ryttarar, Christian Meyer og Morten Storesund fekk ei luke til hovudfeltet. Det vart jobba hardt av forfølgarane med Stord SK i spissen for å kjøre dei inn før målgang. Det gjekk nesten og paret i front vart splitta. Christian Meyer først, så Thorleif Solli og deretter Morten Storesund. Saman med hovudfeltet satt og Izzy Edmundson, som dermed var raskaste kvinne. 

 

Gratulera Christian Meyer (Åsane CK) og Izzy Edmundson (TOSK) i tur-klassen og Elmer Eliassen (Åkra Sykkelgruppe) offroad-klassen, som vinnare av årets Stord Rundt.

 

Izzy Edmundson satte ny rittrekord for kvinner med 1:31.19.

 

Resultata finn du HER

 

I eit sykkelritt, som Stord Rundt tross alt er, var det fleire små og store bragder utover raskaste mann og kvinne i mål. For nokre er målet ikkje å vinne, men å gjennomføre eller delta. Me vil og trekke fram Frode Asperheim som gjennomførte rittet på ein "liggesykkel". Imponerande. Vidare sykkelfeltets største smil, Lukas Nesse, med ditt første Stord Rundt. Vigleik Stoveland var rittets eldste og det var fleire unge syklister født 2001 som gjennomførte. Marcus Kvamme var ein av dei, og hevda seg godt med 11 plass totalt. Jonas Vørøs deltok i klassen for offroad, og kom inn til 2 plass i klassen. Begge representer Stord.

 

 

Som i fjor var det barneaktivitetar på p-plassen i Prestegardsskogen. Her var det mykje aktivitet, og me reknar med at nærare 50-70 deltok på desse aktivitane som Trott med Tage Båtsvik hjalp til med. To ulike sykkelturar var det og, ein rundt Ådlandsvatnet for dei over 10 år og ein kortare tur for 7-9 åringane.

 

113 deltakere fullførte i følgande klassar, off-road 8, trimritt 16, turritt 79 og barn/ungdom på tur 10.

45 stk var med å lage til arrangementet. Dei løyste følgane oppgåver: trafikk-/sykkelvakt, motorsyklistar, kiosk, garderobe, barne- og ungdomsaktivitar og stab/administrasjon. De gjorde alle ein strålande jobb, for å lage til eit velsmurt og godt gjennomført ritt. Tusen takk alle saman!!!

 

 

Meldar om ingen uhell eller ulykker. Dei utfordringane som me hadde med vegarbeid ved Samhald, på Grov og på Kattatveit løyste me på ein fram i frå måte. Godt jobba!

 

 

Takkar vidare Pelikan MC, Trott, Politiet, Spar, Grov Grasklipp, naboar og trafikantar for godt samarbeid.

Bilder og rittrapport kjem seinare i ettermiddag/kveld (etter ein kvil på sofaen). Sunnhordland var til stades, og me vonar at det vert ein flott artikkel om rittet på måndag.

 

Ønske alle (og fleire) vel møtt til neste år!