Rittrapport Spar Cup #5

Den femte lokale tempoen etter ein lang sommarferie. Det var på førehand knytt stor spanning til fleire meir trivielle sakar, men først det sportslege. Grant Carruthers (Stord SK) var overlegen vinnar i tempo-klassen for menn, med bømlingane Gunnleiv Gjøsæter og Vidar Siggervåg på dei neste plassane. Beste kvinne tempo var Elin Steinsbø Fylkesnes (Bømlo SK) med beste tid sidan 2012. I racerklassen var Morten Storesund (CKH) raskast på sterke 24.34. Beste kvinne på racer var debutant Hanne Kvamme (Stord SK).

 

Resultata finn du HER

 

Det var en kveld med flotte forhold, kakene og kaffien fortreffeleg og stemninga super. 27 startande, 5 vaktar og opptil eit dusin publikummare. Nok ein gong takk til Liv Valen, utan kaka og kaffi hadde det aldri vore så god stemning. Kjekkt med besøk frå haugesundarar (karmøybuarar) til start, plass til mange fleire.

 

Det var knytt stor spanning til Stein Simonsen som for dagen var rittleiar, noko han løyste med storisk ro. Han løyste oppgåva si med ei trygg hand. Den andre snakkisen var den ukjende temposyklisten. Var det eit fugl, var det eit fly...? Til og med ikkje dei nærmaste såg noko til han, før han kom heim og ikkje fann ein telefonboks å skifte i. Det meldast frå truverdige kjelde at han fortsatt leve.