Fellestrening 25 og 26 august

Det var faktisk 5 ivrige syklistar som var heime på Stord, og ikkje på «Birken» laurdag. Egil, Victoria, John Henry, Espen og Knut hadde ein fredeleg tur rundt øya utan terrengsykkel.

 

Søndag 26. var John Henry, Espen, Egil, Roald, Jostein, Grant og Knut på vegen att, og me hadde ein hyggeleg, ganske roleg tur i vekslande ver.

 

Begge dagane var det lite vind, og vatna låg blanke.

 

Sesongen nærmar seg slutten, men det er to lokale temporitt att, og Kattnakken opp, med tillegg av m.a. Tysværrittet. Det kan vera lurt å vera med på seine ritt for å motivera dei som blir motiverte av slikt til å trena når det lakkar mot vinter. Elles held treningsturane fram rundt Stord frå Esso kl. 9 laurdag og søndag.

 

Knut