Stord Sykleklubb er eit Rent Idrettslag

 

 

Stord Sykleklubb er frå 13 april 2017 eit Rent Idrettslag etter eit initiativ frå Styret.

 

Stord SK skal vere ein tydelig verdiformidlar for ein rettvis og rein idrett.

 

Stord SK spele ein viktig rolle for mange syklistar i Sunnhordland og tar eit sterkt standpukt til doping.

 

Stord SK skal førebyggje utfordring som ein finn i nokre treningsmiljøar i Noreg.

 

I Stord SK skal ein vere trygg på eit reint sykkelmiljø.

 

Kva er eit Rent Idrettslag?

Eit Rent Idrettslag er ein klubb som har eit standpunkt til doping, som aktivt oppmodar medlemmene til å vere medvitne, og har prosedyrer for håndtering av dopingsaker.

 

Korleis vil Stord Sykleklubb arbeide som Rent Idrettslag?

Som Rent Idrettslag vil Stord SK gjere medlemmene medvitne om antidoping gjennom Ren Utøver-programmet, synleggjere vårt standpunkt, ha ein handlingsplan ved dopingsaker og ha tilgang på Antidoping Noreg sitt informasjonsmateriale og eventuelle aktiviteter.

 

Er Stord SK eller sykling i Sunnhordland utsett for eit dopingmiljø?

Absolutt ikkje. Ingen syklistar har noko tid vore involvert i doping i Sunnhordland. Stord SK er ikkje uroa for miljø, men er pro-aktiv og vil førebyggjende til gode verdiar og holdningar.

 

Meir informasjon:

Ren Utøver

Dopinglisten

Antidoping Noreg             

 

Sjå

Ren Utøver i Stord SK