Kattnakken Opp 2016

Kattnakken Opp vert i 2016 vert arrangert laurdag 17. september kl. 1200.

 

Meld deg på HER

 

Løypeinformasjon:

 

Kattnakken Opp startar på Saneset ved Ådlandsvatnet på Stord, omlag 20 moh. Vidare syklar ein opp til Fjellgardane, der ein tek til venstre mot Lundsæter. Omlag 300 meter etter Fjellstova, tek ein til høgre opp mot Kattnakken. Her er det eit kort parti med grusveg (ca. 500 m), før stigningane mot Heio byrjar. Desse stigningane er asfalterte. På det brattaste er det over 20%. Når ein kjem til Øvre Heio,vert det på ny grus. Dette gruspartiet går heilt opp til målgang ved masta på Kattnakken (720 moh.). Etter bommen på Øvre Heio er det parti med 22% stigning!

Det er ein del rytterar som klarer å sykle opp med racer, men då bør ein ha kompaktkrank (50/34) og kanskje 28, 30 eller 32 som lettaste utveksling bak. Mange nyttar MTB-sykkel, og nokre nyttar hybridsykkel.

 

Løypekart (klikk på bilde for større utgåve) Løypeprofil (klikk på bilde for større utgåve)
Kattnakken Opp løypekart Kattnakken Opp høydeprofil

 

Kattnakken masta

Vegen opp til masta på Kattnakken . Det brattste partiet.

 

Video frå løypa, del for del:

- Del 1 frå starten ved Saneset

- Del 2 frå Fjellgardane

- Del 3 frå Fjellstova

- Del 4 frå bommen (bratt parti på grus)

- Del 5 på toppen.... I mål......

 

 logo stordsk