Nokas Cup 2017

Nokas Cup (Tidligere Storavatnet Rundt) er eit omlag 36 km langt fellesstartritt med start og mål ved nye Sagvåg skule i Rukjen/ Sagvåg (sjå kart lenger nede). Rittet går nordover mot Fitjar på RV 545, før ein tek av til venstre i Vik og rundar Storavatnet for så å koma ut på FV75 og seinare vidare ut på RV545 på veg sørover mot mål. Rittet har variert terreng, men inneheld ei relativt tøff stigning i det ein rundar Storavatnet på gamlevegen i Vik på Fitjar. Avslutninga i Dyvik er og tøff, med to gode bakkar på slutten før ein får ein flat spurt mot mål. Stord SK har førehandspåmelding og elektronisk tidtaking på desse ritta, men ritta er likevel å sjå på som trening!

 

Nokas Cup 2017 VERT ARRANGERT FYLGJANDE DATOAR :

 

Ritt nr.1.         tysdag 28. mars              kl.  1800

Ritt nr.2.         tysdag   4 april                       "

Ritt nr.3.         tysdag 18. april                      "   

Ritt nr.4.         tysdag   2. mai                       "   

Ritt nr.5.         tysdag  23. mai                      "   

Ritt nr.6.         tysdag  6. juni                        " 

Ritt nr.7.         tysdag 13. juni                       " 

Ritt nr.8.         tysdag  27. juni                      "     

 

Start og mål ved Sagvåg skule.

Løypekart finn du HER:

 Loypekart Storavatnet Rundt

Det er ingen startkontingent, men det er krav til at alle løyser lisens gjennom NCF!

Du kan velje mellom løyse eingangslisens eller heilårslisens, men Stord Sykleklubb vil rå dei fleste til å kjøpe heilårslisens då dette vil løne seg etter berre 3-4 deltakingar. Føresetnaden for å kunne løyse heilårslisens er at du er medlem i ein klubb tilslutta Norges Cykleforbund.

Meir informasjon om lisens finn du HER

Vil du verta medlem i Stord Sykleklubb, så finn du meir informasjon om det HER

Nokas Cup (Storavatnet Rundt) er å sjå på som eit treningsritt!

VIKTIG:

Trafikkreglane skal følgjast!

Ta omsyn til andre trafikantar!

"Del vegen!"

 Det vert teke atterhald om eventuelle endringar.

Påmelding kan du fortløpande gjere HER   NB! Førehandspåmelding til klokka 12.00 rittdagen.

Resultata frå rittet finn du fortløpande HER

logo stordsk