Stord Rundt 2017

logo stordsk

 

Søndag 20.august 2017 arrangerer atter ein gong Stord Sykleklubb det tradisjonsrike sykkelrittet Stord Rundt.

Start og mål er Vestlivegen like ved parkeringsplassen for Prestegardskogen idrettsplass.

I tillegg til dei tradisjonelle Trim- og Tur-puljene er ‘Offroad/Hybrid’. Offroad-/Hybridpulja er for dei som vil sykle fortast mogleg på offroad- eller hybridsykkel, det er kun denne pulja det er mulig å bruke offroad.

Løypa er omlag 61 km, start ved rundkøyringa i Vestlivegen like ved parkeringsplassen til prestegardskogen idrettsplass, turen går til Hystadvegen vidare ut mot Rommetveit og Samhald, forbi HSH så opp til E39. Følg E39 til Sandvikvåg, ta til venstre mot Fitjar. Ta til venstre i Fitjar sentrum opp forbi Kyrkja og følg Rv. 545 til Heiane. Deretter er det inn på E39 til Ådlandskrysset, ta til høgre opp mot Vestlivegen (Fv.58) å forsett fram til MÅL

Få med deg naboen, eller ein kollega og still opp for ein fin runde rundt øya.

 

Meld deg på NB!!! IKKJE OPNA

Løypekart finn du HER

 

Startnummer MÅ hentast på Intersport, Heiane butikkens opningstider.

(Er du tilreisande eller av annan grunn ikkje har høve til å hente den der, får du det ved start.

OBS OBS! Vær ute i god tid)

 

Starttider: 

Turritt: kl. 09.50

Trimritt: kl. 09.55

Offroad/ hybrid: kl.10.00

 

Me vil minna på at trafikkreglar SKAL følgjast, i år vert det tre Politivakter i tillegg til andre vakter.

 

Det vert kafé i telt på parkeringsplassen til idrettsanlegget, etter rittet!

Der vert det sal av betasuppa, kaker, kaffi, brus osv.

Det vert garderobar med moglegheit for ein varm dusj.

 

Stord rundt 2017 med barneritt, meir info HER

 

  

VEL MØTT !