Rittrapport Spar Cup #3

I strålande solskinn viste Stord seg frå si beste side for gjester frå nord og sør, og eigne trufaste syklistar.

Det var knytt spanning til om løyperekorden frå 2018 sto for fall, da Erik V. Øverland (BCK)jaktet tida til eldstebror. Men, me konstaterer at 22.14 er 4 sekundar bak. Første mann tempo vann Erik med god margin til Morten Storesund (CKH) og Karl Jonas Tronstad (Zipp Racing Team).

Elin Steinsbø var eneste kvinne i tempoklassen.

Nils A. Røvde, Reidar Skurnes og Kjell-Inge Engevik var raskeste på racer. Det var Nils Arne sin store draum om å stå øverst på pallen, han er derimot pålagt av formannen om kurs i rett og galt på pallen.

Kjersti Kvarme og Grete Sunde Vik var raskaste kvinner i dameklassen på racer.

Liv sine kaker og servering er som alltid av det gode slaget. Takk til alle vaktar!

Resultatene finn ein her:
https://live.eqtiming.com/47555

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift