Felles trening 22. og 23. juni

Laurdagen sykla John Henry, Egil V., Sindre, Espen, Kjell, Bjarte og Knut frå Esso kl. 9 som vanleg. Det blei ein fin, men rask tur. 2.05 er neppe ein roleg tur for dei fleste, så det blir forsøk på deling i grupper i framtida.

Søndag 23. var spesiell ved at me skulle kappsykla opp ti møllene undervegs. Espen, Jostein, Sindre. Dag, Freddy, Remi, Alexander K. og Knut drog frå Leirvik, og møtte Greg og Nils i Fitjar. Det kom fleire ryttarar til etterpå. Det blei eit slitsomt intervall opp dei bratte bakkane, men me hadde krefter nok til å sykla heim etterpå. For mange blei det pers, og for alle blei det flott ekstratrening. Dette kan bli ein tradisjon!

Knut



©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift