Fellessykling 6. og 7. juli

Laurdag møtte Knut åleine på Esso kl. 9 for å ta runden. Utanom litt småregn i starten, var veret bra, og det var overraskande lite trafikk til å vera laurdag før fellesferie. Runden gjekk på idealtida, 2:31.

Søndag var Remi, Espen, Hallgeir, Kjell Inge, Nicola, Per Magne, Alexander K. og Knut rundt øya i jamn og fin fart. Veret var våtare og kaldare, men det var god stemning og praten gjekk om store og små ting.

Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift