Fellessykling 31. august og 1. september

Det blei fellestrening frå Esso kl. 9 i helga, trass i Birkebeinerrittet på laurdag.

Siste laurdagen i august var Frode og Knut på sykkelen. Det var fint ver, og ein fin, roleg runde. Ved Rydlandsaga gjekk elva over vegen, noko korkje Frode eller Knut har sett før.

Søndag sykla Espen, Egil K., Dag, Jostein og Knut frå Esso i fint ver. Det skya til ved Sandvikvåg, og me fekk nokre kraftige regnbyger før det roa seg i Sagvåg. Ein roleg, kjekk tur der praten gjekk livleg.

September blir ein fin månad for sykling, og fellesturane held fram i haust og vinter.

Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift