Fellessykling 14. og 15. september

Vermeldingane var ikkje bra til denne helga. Laurdagen viste seg å vera bra mellom 9 og 1/2 12, men søndagen var slik vermeldinga sa, kraftige regnbyger og sterk vind.

Remi, Frode, Espen og Knut hadde ein fin tur frå Esso laurdag klokka 9. Frode og Espen drog "feltet", med Remi og Knut som hjulsleikarar.

Søndag var det berre Espen, Jostein og Knut som tok sjansen i det tøffe veret. Uansett er det kjekt å vera med på desse fellesturane, og farten blir sett slik at ein ikkje treng å vera proff for å vera med.

Ein roleg tur rundt øya hjelper mot det meste. For dei beste er det god restitusjon, for dei nest beste er det fin trening, og for nykommarar er det god hardtrening. Nykommarane må kanskje ha noko eigentrening før debuten.

Det er plass til fleire!

Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift