Klubbmeisterskap

Den planlagte klubbmeisterskapen for 2019 blei av ymse grunnar avlyst, men Egil tok initiativ til eit meir uformelt tiltak. Klokka 6 møtte Egil, Nils, Ole Christian, Per Magne og Knut på Rutle. Grant var ettermeldt og Dag stakk innom arrangementet (på grunn av kakelukta frå den nylagte sjokoladekaka som Hanne hadde baka?). Det var fleire klassar denne gongen, og det enda med at alle blei klubbmeistarar i sin klasse (det er sjeldan grunn til å lita på tidtaking som ein syklist tar sjølv). Tusen takk til Hanne for kake og kaffi, og takk til alle syklistane som kasta glans over arrangementet.

Knut


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift