Fellestrening 21. og 22. september

Laurdag var mange med på Kattnakken opp eller Fossatrappo opp, men Espen, Kjell, Kenneth og John Henry valde heller å sykla roleg og jamnt rundt øya.

Søndag sykla Per Magne, Espen, Alexander K., Egil K., Remi, svigerfar frå Arna og Knut runden frå Esso kl. 9. Det blei ein veldig kjekk tur i jamn fart. Dei fleste er ferdig med konkurransesesongen, og diskusjonen gjekk på dei fantastiske resultata våre i år og dei ennå betre resultata me skal ha til neste år.

Me held sjølvsagt fram med helgeturane våre utover hausten og vinteren.

Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift