Fellestrening 28. og 29. september

Laurdag var det 4 syklistar med på runden frå Esso kl. 9; Espen, John Henry, Frode og Knut. Det var fin ver, men våt vegbane, så briller og bakskjerm var bra å ha.

Søndag var veret perfekt for ein hausttur på sykkel. Remi, Egil K. og Knut møtte på Esso, Kenneth blei med frå Førlandskrysset, Vidar L. møtte oss etter Jektevik og John Henry blei med oss etter Fitjar. Egil kom frå Bergen i går etter Stolzekleiven opp, og var like sprek, og "nykommaren" Kenneth imponerte med sterk sykling.

Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift